fredag 22. juni 2012

Litt om kvifor ein av og til kan sove bort sumarnatta

Ein junikveld, den fyrste av alle sommerferiekveldar vel eg å skrive eit nynorsk innlegg. Dels fordi eg nett vart inspirert til å gjere det, dels fordi nynorsk er eit vakkert språk eg kan, håper å kunne, planlegg å kunne, mellom anna fordi eg skal få karakter i det til neste år. Ein endeleg ein. Viktegare enn karakterar, er språkets magi, venleik (skjønnhet) og sjel. Det ynskjer eg å vere ein del av. Og nett no skriv eg ikkje korrekt, men det er greit.

Augelokka mine er tunge. Dei sig igjen, kroppen og. Den er trøytt og sliten og har ikkje endå forstått at det er somar. Ein skal ikkje sova bort sumarnatta, syng Herborg. Og ho har på mange måtar rett, men kroppen vil visst berre sove no. Eg går ut på verandaen. Håret blafrar i vinden. Det er så lett så lett, sjølv om augelokka framleis er tunge. Kontrasten tar meg med på eit flyvende teppe som seiler gjennom lufta til eit sted i horisonten, der sola har dukket under. Lyset forsvinn, og mørket inntar sin vante plass i fraværet av lyset. Mørket er som ein usikker sjel som ikkje tør kome før dei store, flotte, livlege har gått. Tør ikkje vere med på leken før dei andre er borte. Når katta er borte dansar musene på bordet, heiter det. Dei dansar og dansar, men når katta kjem igjen, vert det igjen små, usynlege, usikre. For kven tør å yppe med lyset? Det er så sterkt, så godt, så gjennomtrengjande, nødvendeg.

I harmoni med mørkets tilstedevering kjem søvnen snikande. Det er den som gjer augelokka mine tunge, den som får kroppen til å synke samen. Og den er ein av livets mysterier. For ved å søve i nokre timar er det som om trøyttleiken absorberes bort og erstattas med liv. Med liv og glede og ein lett kropp med lette augelokk, som ikkje nøler med å vere opne. Vidopne, klare for å sjå verda. Eg går og leggjer meg, klar for å i morgen igjen å få oppleve eit av verdas daglege under, at eg på ny vert vaken eitter berre å ligge i bevisslaus tilstand. Eg gler meg til å i morgen vere klar for å innta verda. No er eg berre klar for å sove.

Med mørket som akkopagnement.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar